WEB | NFL.NO TEMA | xxxxxxxxx 19 * FJØRFE 8 | 23 * * FJØRFE 10 | lagsarbeid FJØRFELAGET VEST MYE SPENNANDE PÅ FAGPROGRAMMET Den nye leiaren i Fjørfelaget vest, Ragnar Vikøyr, kunne ynskja ca. 20 deltakarar velkomne til nytt fagmøte 3. og 4. november på Thon Hotel Bergen Airport. Dette fagmøtet var eit samarbeid mellom Nortura og Fjørfelaget Vest. Tekst: Jostein Dale. Foto: Norsk Fjørfelag. Etter ein god lunsj fekk me nytt frå Bondelaget ved Eivind Myrdal, etterfølgt av nytt frå Nortura ved direktøren i Nortura egg, Bjørn Tore Hansen. Etter kaffi og beinstrekk vart ordet gjeve til Ole Nikolai Skulberg, direktør for Totalmarked med temaet Nytt frå Totalmarked. Me hadde også invitert Tommy Lystad frå Fjøssystemer og Kjell Andre M. Solbakken frå Felleskjøpet I-Mek til å fortelja om vedlikehald og fornying av innreiing og teknisk utstyr. Etter oppsummering og diskusjon var bordet dekka til middag, noko Nortura sponsa. Mange av deltakarane overnatta på hotellet. Dette sponsa Fjørfelaget Vest for våre medlemmer. På laurdag fekk me eit foredrag om fôring og kvalitet ved Anne Line Dørum, fagsjef i fjørfe, Felleskjøpet Agri. Så var det Tone Beate Hansen, rådgjevar team egg Nortura, sin tur. Ho greidde ut ommøkk, skitne egg og strøkvalitet. «Eit møkkaforedrag» hadde ho kalla foredraget sitt. Tone overrekte også diplom til Linn og Thomas Lerøy for beste a-eggandel samt lågeste dødelighet i landet. Me gratulerer! Til slutt fekk me nytt frå Regionsutvalg Vest ved Andreas Hus og Norturas arbeid med dyrevelferd. Andreas Hus og Tone Beate Hansen stod for dette. Heit til slutt fekk dagleg leiar i Norsk Fjørfelag, Ellen- Margrethe Hovland, og Vilde Elise Kampesveen, organisasjonsutviklar i Norsk Fjørfelaget, ordet og fortalde om nye ting frå Fjørfelaget sentralt. Etter ny oppsummering og diskusjon var bordet dekka for lunsj før me reiste kvar til oss. Me som var der fekk mykje fagleg påfyll og inspirasjon til å fortsetja! Me takkar så mykje for sponsinga frå Felleskjøpet Rogaland Agder, Steinsland & Co, A & A Salte Kyllingoppdrett, Nortura, Tollehaugen Kyllingoppdrett, Tore Villanger Kyllingoppdrett, Felleskjøpet og Fjøssystemer. Utan denne sponsinga hadde ikkje Fjørfelaget Vest makta å arrangera dette fagmøtet. SAMARBEID: Fagmøtet var eit samarbeid mellom Nortura og Fjørfelaget Vest. Jostein Dale Diplom: Tone Beate Hansen overrekte diplom til Linn og Thomas Lerøy for beste a-eggandel samt lågeste dødelighet i landet. Me gratulerer!
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy