17 WEB | NFL.NO * FJØRFE 10 | 22 * TEMA | lagsarbeid FAGMØTE I FJØRFELAGET VEST REKORDOPPMØTE I BERGEN Leder i Fjørfelaget Vest, Hans Arne Breivik, kunne ynskja heile 44 deltakarar velkomne til fagmøtet me hadde på Thon Hotel Flesland 4. - 5. november. Dette er ny rekord! Tekst & foto: Jostein Dale, styrerepresentant Fjørfelaget Vest Jostein Dale FAGPROGRAM FREDAG Først ute var Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag med tittelen «Egg - fremtidsnæring på Vestlandet». Så var det nytt frå Nortura ved direktøren i Nortura Egg Bjørn Tore Hansen, denne gongen på storskjerm via teams. Etter ein god kaffipause var det Øystein Tholo HMSrådgiver i Landbruksrådgivning Vest med foredragstittelen: Det kan berre gå oppover? På møta er det viktig med erfaringsutveksling – korleis kan me læra av kvarandre. Korleis gjer eg det? Her var det mange problemstillingar og gode svar utfrå eigen erfaring, eit svært nyttig tema. Til slutt fekk me nytt frå Regionutvalg Vest og Fjørfelaget Vest, der Andreas Hus, Hans Arne Breivik og Jostein Dale bidrog. SOSIALT SAMVÆR Om kvelden var det utsøkt middag og god stemning. FK Agri dekka middagen. FAGPROGRAM LØRDAG På laurdag var det prosjektleiar i Felleskjøpet Agri, Marit Kaarstad som greidde ut om kva som var prisdrivarane i kraftforproduksjonen. Så hadde me ein ny sesjon med erfaringsutveksling. Aktuelle problemstillingar var tal frå eggekontrollen, problemadferd, eggekvalitet, fôropptak, golvegg, lys og andre ting. Igjen fekk me mange nyttige innspel frå deltakarane. Marit Kaarstad Dahl hadde så eit interessant foredrag om plommefargen i egget, naturleg fargestoff kontra syntetisk. Til slutt fekk me siste nytt om fugleinfluensa og Newcastle disease. Me var alle samde om at det hadde vore eit svært lærerikt og vellukka fjørfemøte. Me planlegg eit nytt møte 17. og 18. februar 2023. Då vert det også årsmøte i Fjørfelaget Vest. TAKK TIL SPONSORER Me takkar alle sponsorane våre som gjer det mogeleg å arrangera slike fagmøter og nyttige samankomstar for oss fjørfebønder. Dei som trufast sponsar møta våre er Felleskjøpet Rogaland Agder, Landkreditt, Arne & Andreas Salte, Nortura, Tollehaugen Kyllingoppdrett, Steinsland & Co, Tore Villanger Kyllingoppdrett, Fiskå Mølle og Felleskjøpet. Fagmøte i Fjørfelaget Vest 4. - 5. november i Bergen hadde rekordoppmøte. Om kvelden var det utsøkt middag og god stemning. Felleskjøpet Agri sponset middagen for deltakarane.
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy