FJØRFE nr. 1 - 2020

* FJØRFE 1 | 20 * 19 WEB | NFL.NO TEMA | lagsarbeid Protein er «akillessen» i norsk matproduksjon – Lars Petter Bartnes Anbjørn Øglend er gründeren bak ei rekke matbedrifter f.eks Prima Jæren og Prima SeaFood. Han har jobba fram produksjonen av Norsk Angus i samarbeid med Meny. Øglend forklarte korleis langsiktig tankegang og lidenskap er avgjerande for å kunna gjera ein idé til realitet. Skal ein klara å differensiera seg frå billigmark- naden, må vara tilførast tilleggsverdi. Det finst to typar firma, uttalte Anbjørn. Nokre firma jobbar for å senke prisar, og andre firma jobbar for å auka prisane. Som bonde: kva varestraum vil du vera i? Det er ikkje alt vi prøver på som vert vellukka. Det betyr ikkje at ein er mislukka, men berre at ein ikkje har hatt suksess endå – Anbjørn Øglend Dyrevelferd, er det berre fine ord til forbrukar eller praktisk økonomisk gevinst? Käthe Kittelsen, Helse- tjenesten for Fjørfe i Animalia, viste kvifor matpro- dusentar har ein viktig jobb. Verda vil trengja 50-70 % meir mat i 2050 enn i 2012. Proteinbehovet vert vanskelegast å møta. Fjørfenæringa står i ei særstilling i å effektivt omdanna fôr til protein, og vil truleg få ein endå viktigare rolle framover. KÄTHE PRESENTERTE SEKS GRUNNAR TIL AT RENOM- MEET TIL FJØRFEPRODUKSJONEN VIL AUKA: 1. Fjørfeprodukta kjem best ut på effektivitet og berekraft. 2. Fjørfeprodukt er sunne, magre og proteinrike 3. Fjørfenæringa brukar minst antibiotika. Av totalt 4.000 slaktekyllingflokkar som vart slakta var det 4 flokkar som fekk antibiotika-behandling på grunn av sjukdom (2018). 4. Norge er eit av få land som har god kontroll på sjukdommar som elles er vanlege å få i seg ved konsum av rå egg / kvitt kjøtt (f.eks Cambylobacter og Salmonella) 5. Fjørfeprodukt er lett å laga til og kan smakstilsetjast i svært mange kombinasjonar. 6. God dyrehelse er det beste utgangspunktet for god dyrevelferd. Mellom anna har tråpute-score betra seg, er eit konkret eksempel på at næringa si systematiske jobbing for at dyra skal ha det stadig betre virkar. Det er auka fokus på at dyra skal få utøve naturleg oppførsel mellom anna ved bruk av miljøberikande element. Trass mykje og grundig dokumentasjon i at dyrevel- ferden stadig vert betre, går forbrukarane sin tillit til kjøttproduksjon ned. Avstand mellom det forbrukaren og næringa meiner er god (nok) dyrevelferd aukar. For å oppretthalda tilliten til norsk kjøttproduksjon er vi nøydt til å visa vilje til å vera endå meir opne enn før. Folk må få innblikk i heile produksjonskjeda, inklusive slakteprosessen. Alt vi gjer må tåla dagens lys – Käthe Kittelsen. Fjørfenæringa ønsker å auke mengda norsk protein i kraftfôret - er kjøttbeinmjøl eit alternativ til soya? Keilih Nyback, i Felleskjøpet Rogaland Agder, fortalte at fram til år 2000 vart det brukt opp mot 8 % kjøttbein- mjøl i fjørfe- og svinekraftfôr. Proteinsamansetjinga til kjøttbeinmjøl og soya er nokså lik, så då kugalskap og Creutzfeldt Jakobs syndrom førte til forbod mot bruk av kjøttbeinmjøl, begynte Norge å importera soya i staden. Den optimale aminosyresamansetjinga til soya (og kjøttbeinmjøl) gjer at ein kan bruka høgare del norsk- produserte fôrråvarer. Utan soya eller kjøttbeinmel vil mengda protein i fôret måtta aukast, og dermed redu- sera mengda norske korn i kraftfôret. Dette er negativt for norsk sjølvforsyningsgrad, og vil berre krevja endå større areal i utlandet til råvarebehovet vårt. Keilih forklarte at soya ikkje kan erstatta 100 % av kjøttbeinmjøl, men dersom det vert lovleg å nytta kjøttbeinmjøl frå svin i fjørfefôret, vil det vera mogleg å erstatta store delar av soyamengda i fjørfefôr. Skal vi over til 100 % norske råvarer på kyllingfôr ville vi måtta ned til 5 % av dagens kyllingproduksjon – Keilih Nyback Kjell Magne Bondevik var invitert for å sette psykisk helse på dagsorden. I presentasjonen «å stå i det» delte han ærleg og ope frå sine røynsler gjennom oppvekst, barndom, vaksenliv og politikken. Då det kom pressemelding frå statsministeren sitt kontor 31. august 1998 om at «statsminister Kjell Magne Bondevik er sjukemeldt på grunn av ein depressiv reak- sjon» var det å rekna som «breaking news» i Norge. Folk var mykje mindre opne rundt psykisk helse og psy- kiske lidingar den gong. Symptoma blei stadig sterkare, men til slutt ville korkje kroppen eller hovudet meir. For Kjell Magne var det viktig å vera open om kvifor han var sjukemeld. Han tok eit bevisst val om å seia san- ninga, og ønska å bryta ned stigmaet rundt mental helse. Starten på å verta betre dersom ein har eit psykisk helseproblem, er å snakka med nokon om det. Det er vanskeleg for mange, trass i at det er mindre stigmati- sert nå enn før. Vi må alminneleggjera det endå meir. Kjell Magne rosa den profesjonelle hjelpa han fekk.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy