FJØRFE nr. 1 - 2020

* FJØRFE 1 | 20 * 18 TEMA | lagsarbeid ÅRS- OG FAGMØTE ROGALAND FJØRFELAG Rogaland Fjørfelag har innarbeida årleg tradisjon for års- og fagmøte. Atter ein gong deltok opp mot 130 personar på Bryne Kro og Hotell 29. november. Fjørfe- kollegiet avslutta dagen med eit skikkelig julebord i godt lag. Tekst: Margrethe Brantsæter, NFL & Reidun Kristiansen, Nortura Foto: Margrethe Brantsæter Reidun Kristiansen Nortura Sted: Bryne, Rogaland Margrethe Brantsæter NFL ÅRSMØTE Tone Steinsland, leiar for eggprodusentar i Rogaland Fjørfelag, ønska velkomen. Siri Rasmussen Lea, ord- styrar, opna deretter årsmøtet. Rogaland Fjørfelag er lokallaget til NFL med mest aktivitet, og har ei utfyllande årsmelding. Tone viste til opp- og nedturar samt større hendingar som har prega fjørfenæringa og norsk landbruk i 2019. Lanseringa av EAT-rapporten i januar, bytta mellom eggavtalane til COOP og REMA, landbruksminister frå Rogaland og eit stadig aukande fokus på klima og dyrevelferd vart om- tala. Vidare gav ho eksempel på kva Rogaland Fjørfelag har gjort for å ivareta medlemmene sine i løpet av året: lokallaget deltok på Gladmaten, diverse medieoppslag i aviser og radio, rekordoppslutning på årets «seinsommar- treff» og vellukka påtrykk mot Innovasjon Norge for om- byggingsmidlar til eggprodusentar med miljøinnreiing. FAGMØTE Styreleiar i Nortura, Trine Hasvang Vaag, reflekterte over tida sidan sist årsmøte i Rogaland Fjørfelag. Storsamfunnet har for alvor fått augene opp for kva «overproduksjon» er. Behovet for effektiv marknadsre- gulering er større enn nokon gong. Debattane om kjøtt, klima og dyrevelferd har vorte stadig fleire, og ein ser ei auka polarisering mellom ytterpunkta. For å halda på tilliten til norsk landbruk, er det avgjerande at vi leverer på dyrevelferd. Vi må få auka mengde norsk korn i kraftfôret ytterlegare, og vi må ta klimaavtrykket frå matproduksjonen på alvor. Styreleiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, heldt innlegg tilsvarande det som blir omtala frå fagmø- tet i Trøndelag Fjørfelag i Fjørfe nr 2. I etterkant vart det diskusjon rundt behovet for norskprodusert prote- inråvare i fjørfefôret. Bartnes forklarte at reduksjonen i bruk av soya er i gang, men peika på at fiskerinæringa reduserer bruken mykje raskare enn landbasert husdyr- produksjon gjer. Vi må endra fokus frå å produsera auka volum, til å auka verdiskaping på produksjonen vi har. Samfunnet godtar ikkje at vi overproduserer – Trine Hasvang Vaag

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy