27 WEB | NFL.NO * FJØRFE 6 | 23 * Han har funne ut kva som finst på andre sida av Masfjordfjella, men likar seg best her på Radøy. – Ein må ikkje oversjå alt det positive i eiga bygd. Her er det fridom og kort veg utan kø til Mongstad og andre gode jobbar. Det er mykje Risneskrinsen har som ein ikkje har i byd’n. Villangervågen, utsikta, kysten. Og kyllingar, då. GAMBLAR IKKJE Villanger fortel at han er den einaste i Vestland fylke som fôrar opp kyllingar til livdyr og ikkje til slakt. Det finst berre 15–20 i landet og radverignen er omtrent den minste. – Det er kjekt å vera med på heile prosessen, ta i mot bestillingar og følga med dei små. Dyra skal ikkje slaktast, men leva vidare. Og i andre enden er det mange nøgde kundar som seier at det er trivelege høns frå «Vidlång». Somme gongar får han teikningar og bilder av hønene. Kyllingane er kjøpt frå Rogaland, og dei kvite skal seljast til to store kundar som skal ha 7500 kvar. Ein i Nordfjord og ein i Hardanger. – Eg skal vera ganske sikker på at eg har kontrakt før eg tek inn kyllingar. Eg kan ikkje gambla på salg av 17.000. Dei 2000 brune kallar han for «hagekyllingar», som typisk folk har nokre av i hagen. – Dei spring etter deg, og ikkje frå deg. Dei er meir tamme. Eg har seld nokre få høns til fleire hundre personar opp gjennom åra. I år skal Stend jordbruksskule ha nokre, slik som dei plar. Resten må han berre tru vert seld, når dei er store nok til å verta verpeklare i august. Dei små fjørkledde veks saktare enn om dei skal hamna på tallerkenen, det handlar om at det er ein anna rase og fôr. Slaktekyllingane treng 30 dagar på det desse brukar 16 veker på. UTFORDRING MED ALDER Han har halde på i over 40 år, og kjenner ikkje at alder er noko hindring i kvardagen. Men bonden har fått merka at det kan by på utfordringar å ha så arbeidslyst når dei fleste jamnaldrande er pensjonistar. I 2012 kom det krav om at kyllingane skulle vera frittgåande. Mange som dreiv i småskala ramla ut, det var for dyrt å investera til at det lønte seg for dei små. Fleire gav seg. For Villanger var ikkje det eit alternativ. MANGE SMÅ: – Eg trur dei trivst, men eg kan ikkje seia at: «dette er Pernille, og dette er Trine». MAT OG VATN: Kyllingane får både mat og vatn automatisk. Dei er så ferske på Radøy at ikkje alle har skjønt heilt enno korleis vertskapet fungerer. FARNE TIDER: Villanger syner eit bilde frå den gongen hønene var i bur. – Eg merkar dei er kvikkare no som dei går fritt. SOLCELLER: På taket held han på å montera solceller, som skal hjelpa på straumrekningane. TEMA | reportasjer
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy