FJØRFE nr. 6 - 2023

26 * FJØRFE 6 | 23 * TEMA | reportasjer 5 – Det er for spesielt interesserte. Eg vart tidleg frelst og tenkte dette var noko som kunne vera liv laga på Radøy, seier 77-åringen. Kull nummer 101 har teke plass i kyllingfloren dagen før NH kjem på besøk. Villanger reknar med at han har fostra opp 1,5 millionar kyllingar til verpehøns. 17.000 kvite kyllingar og 2000 brune. Inne i floren er det 35 grader, varmare enn dei fleste feriedestinasjonar i sørlege strøk. Kyllingane treng nemleg å ha det heitt i byrjinga, så vert temperaturen gradvis seinka. – No må eg sjå at alt går som det skal. At dei drikk vatn frå niplane og et fôret som kjem på band. Fôringa er automatisk, men minst ein gong i døgnet plar eg å køyra det manuelt og sjå at det fungerar. Dei første fem vekene står kyllingane i store bur, så kjem det vaglar ut i heile rommet og dei beveger seg fritt. – Dei er både høgt og lågt, finn seg til rette fort og lærer seg å flyga. BUDDE PÅ AUSTLANDET At det vart kyllingar, er kanskje litt tilfeldig. Som born lurte Villanger på kva som var bak Masfjordfjella i horisonten, og var veldig spent på kva som venta der. I 1964 var han ferdig på Stend jordbruksskule. Han og nokre andre reiste til Austlandet for å jobba eitt år. Det vart til 16 år på Institutt for fjørfe og pels. – Eg vart lært opp på staten si rekning, så eg visste kva eg gjekk til reint praktisk. Så flytta han heim og bygde driftsbygning. I 1981 starta han opp med kyllingproduksjon, og vart skikkeleg patriot til heimstaden. Eit gamalt torvhus er bygd opp att til eit skrytehus over bygda. Bilen skal aldri i verda inn. Den kan heller stå ute. Her er det puslespel av Vaulen, Villangervågen. Og det heng torv på veggen. TORE VILLANGER FOSTRA OPP 1,5 MILLIONAR KYLLINGAR Dei fleste 77-åringar ville nok foretrukke ein ferie under ein parasoll i sydlege strøk. Tore Villanger går heller i floren til 35 varmegrader og 19.000 kyllingar. Tekst: Eva Neteland, Avisa Nordhordland Foto: Eva Neteland & privat Eva Neteland Kull nummer 101 har teke plass i kyllingfloren dagen før Avisa Nordhordland kjem på besøk. Tore Villanger reknar med at han har fostra opp 1,5 millionar kyllingar til verpehøns. Sted: Radøy Vestland Denne omtalen stod først på trykk i Avisa Nordhordland 30. april. AVISA NORDHORDLAND

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy