FJØRFE nr. 1 - 2024

25 WEB | NFL.NO * FJØRFE 1 | 24 * TEMA | næringsnytt NORTURA SINE FORPLIKTINGAR LIKEBEHANDLE EGGPRODUSENTAR OGOPPALARAR Nortura sitt oppkjøp av Steinsland&Co i februar 2022 vart godkjent med avhjelpande tiltak. Det vil seie at Nortura er pålagde ei rekke forpliktingar som skal vareta konkurransen i eggmarknaden. Konkurransetilsynet minner her alle eggprodusentar og oppalarar av verpehøns om å setje seg inn i vedtaket og dei avhjelpande tiltaka Nortura har påtatt seg. Tekst: Erlend Smedsdal, seniorrådgiver Konkurransetilsynet. Foto: Kjell Jostein Sunnevåg I byrjinga av februar 2022 vart det kjent at Nortura hadde kjøpt 2/3 av aksjane i den familieeigde rugeribedrifta Steinsland. Nortura er Noregs klart største distributør av egg, der selskapet står for hovudleveransane til både Norgesgruppen og Rema, og samtidig er ein stor aktør for sal til storhushaldning og industri. Kjøpet av Steinsland medførte at Nortura også ville bli den største aktøren på avlsleddet for verpehøner. I varsel om at inngrep kunne bli aktuelt 9. mars 2022 var Konkurransetilsynet særleg opptatt av at oppalarar og eggprodusentar kunne vere trygge på å velje Steinsland og Nortura sine konkurrentar, utan å vere bekymra for dårlegare vilkår frå Steinsland/Nortura. Partane føreslo derfor avhjelpande tiltak både på avlsleddet og i eggpakkerileddet. Avhjelpande tiltak er vilkår Konkurransetilsynet kan setje som føresetnad for å godkjenne eit oppkjøp. På avlsleddet er Steinsland og A&A Salte dei einaste aktørane, der dei sel kvar sin hønserase. For å sikre konkurransen på avlsleddet forplikta Nortura seg til ikkje å favorisere eggprodusentar basert på kva hønserase eller oppalar eggprodusenten har brukt. Frå vilkåra i vedtaket kjem det fram at ”Nortura skal særlig avstå fra å tilby sine konsumeggprodusenter tillegg, bonuser, lån, kreditt, stille økonomiske garantier eller andre ordninger på en slik måte at dette direkte eller indirekte gir produsentene insentiver til å foretrekke verpehøns av en bestemt hybrid/rase eller fra en bestemt oppaler/verdikjede, med mindre dette er saklig begrunnet”. På eggpakkerileddet er Nortura marknadsregulator og den klart største aktøren. Den Stolte Hane er hovudkonkurrenten, men der det også er ei rekkje mindre konkurrentar. For å sikre konkurransen på eggpakkerileddet forplikta Steinsland/Nortura seg til å ikkje favorisere kjøparar av høns som skal levere til Nortura, framfor kjøparar som skulle levere til andre eggpakkeri. Tiltaket beskriv at ”Nortura SA, herunder Steinsland & Co AS, forplikter seg til å selge daggamle verpehøns/unghøner på ikke-diskriminerende vilkår. Dette innebærer at enhver kjøper skal tilbys høns av likeverdig kvalitet og på likeverdige betingelser; herunder men ikke begrenset til priser, kredittbetingelser, rabatter, eventuelle andre volumavhengige vilkår eller tilsvarende. Eventuelle – For å sikre konkurransen på avlsleddet forplikta Nortura seg til ikkje å favorisere eggprodusentar basert på kva hønserase eller oppalar eggprodusenten har brukt. Erlend Smedsdal, seniorrådgiver Konkurransetilsynet. forskjeller i kvalitet og/eller betingelser skal være saklig begrunnet.” Også for leveransevolum og ved avkorting følgjer det av vilkåra at dette skal skje på like vilkår. I sum skal forpliktingane sikre at eggprodusentar eller oppalarar oppnår like gode vilkår frå Steinsland/Nortura sjølv om dei vel å kjøpe verpehøns frå A/A Salte eller levere egg til andre eggpakkeri enn Nortura. Konkurransetilsynet minner om at forpliktingane på Nortura gjeld for 10 år frå juni 2022. Konkurransetilsynet oppfordrar eggprodusentar og oppalarar av verpehøns å setje seg inn i vedtaket og dei avhjelpande tiltaka Nortura har påtatt seg. Link til offentleg versjon av vedtaket ligg på Konkurransetilsynet si heimeside. Dersom du har spørsmål til tiltaka, eller opplever at vilkåra er brotne, kan du ta kontakt med forvaltar i saken, DLA Piper ved Kjetil Johannesen, eller med Konkurransetilsynet. Konkurransen i eggmarknaden er skjør, og det er viktig å sikre denne konkurransen, til det beste for eggprodusent og forbrukar.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy