FJØRFE nr. 8 - 2021

8 * FJØRFE 8 | 21 * TEMA | lagsarbeid LINE GARD MARKERING AV VERDENS EGGDAG Fredag 8. november spanderte Heidi og Jon Line eit brett med egg på alle som han- dla gardsutsalet deira. Sjølvsagt måtte Verdas Eggdag markerast. Tekst og foto: Tone Steinsland Det er 25 år sidan Verdas Eggdag vert etablert i Wien. Sjølv om det tok nokre år før me fekk på plass tradi- sjonar rundt feiring her til lands, er det no mange som nytter høve til å framsnakke egget den andre fredagen i oktober. Eggpakkeria, daglegvarehandelen, politikarar og ikkje minst eggprodusentane sørger for å sette natu- rens eigen vitaminpille i fokus. Heidi & Jon Line har hatt høner på garden som ligg rett utanfor Bryne sidan 2002. I fjor lanserte dei sitt eige varemerke, Jærske Egg med ekstra gul plomme. I for- bindelse med markeringa inviterte dei naboar og media til eggande frukost i deira splitter nye gardsutsal, som ordføraren berre seks dagar tidlegare offisielt opna. Dei bøy på egg i fleire variantar og hadde sørga for ein liten shot med appelsinjuice til kvar gjest. Nettopp for å synleggjere at egget inneheld alle vitamina me men- neske treng i løpet av ein dag, forutan vitamin C. For å demonstrere for media kor sunne og reine norske egg faktisk er, slukte onkelen til Jon, Åmund Eikeland like greitt eit rått egg med skalet på! 12-18ukersunghøner leveresheleåret, LSLogLB. Kontakt oss for informasjon og tilbud. Vestbygd Hønseri, 8412 Vestbygd Tlf. 76 93 56 67 / 909 32 510 even@vestbygd-honseri.no www.vestbygd-honseri.no Tone Steinsland Heidi og Jon jobber begge fullt på garden som har vore i familien si 1870. Visste du at du også kan ete egge- skallet, og at det er rikt på kalsium? Renate Farstad frå Jærradioen kom til Line Gard for å dekke Verdas Eggdag. → 25 år etter at Verdas Eggdag vert starta, har me også etablert tradisjonar for å feire i Norge. → →

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy