FJØRFE nr. 7 - 2021

WEB | NFL.NO 33 * FJØRFE 6| 21 * TEMA | fôr og fôring EU OPPHEVER DELAR AV FORBODET MOT Å BRUKA ANIMALSK PROTEIN I DYREFÔR SEIER JA TIL ANIMALSK PROTEIN I DYREFÔR EU-kommisjonen har godkjent eit forslag om å tillata prosessert animalske protein i dyrefôr under visse føresetnadar. Mjøl av fjørfe kan no brukast i svinefôr, og mjøl av svin kan nyttast i fjørfefôr. Både svin og fjørfe kan fôrast med insektmjøl. Tekst: Bothild Å. Nordsletten, Bondevennen Kilde: All about feed. Foto: Istock Bothild Å. Nordsletten EU opprettheldt samstundes forbodet mot animalske protein i fôr til drøvtyggjarar grunna risikoen for TSE. Totalforbodet mot kjøt-og beinmjøl vart innført i 2001 under kugalskap (TSE)-krisa, ettersom denne sjukdo- men spreier seg gjennom fôr. EU-kommisjonen baserer regelendringa på vitskapleg råd frå Dei europeiske myndigheitene for næringsmid- deltryggleik, EFSA. EU-kommissæren for næringsmiddeltryggleik Stella Kyriakides meiner avgjerda er ein milpæl i arbeidet med å gjera næringsmiddelkjeden meir berekraftig. Ho meiner den også passar godt inn i EU’s nye og grønare jordbrukspolitikk Farm-to-fork. OGSÅ I NOREG Seniorrådgjevar i Mattilsynet, Monica W. Stubberud, stadfestar at dei nye EU-reglane òg blir gjeldande i Noreg. Dette er EU-regelverk som vil bli gjeldande i Noreg et- ter at det er tatt inn i EØS-avtalen, skriv ho i ein e-post til Bondevennen. Nett kva tid regelverket får effekt i Noreg, er ennå usikkert. Mattilsynet førebur i desse dagar å senda ut høyringsbrev om endringane. Direktør for innkjøp- og optimering i FKRA, Keilih Ny- back Hagen, trur regelendringane førebels vil få mindre innverknad på den norske fôrmarknaden. – Dette inneber ei opning for at me i framtida kan nytta svinemjøl til fjørfe og fjørfemjøl til svin, men det er framleis eit stykke å gå, ettersom det er strenge krav til å halda dei to fråskilt frå kvarandre, seier. Ho minner om at det er svært få kraftfôrfabrikkar i Noreg som kan handtera skiljet mellom dei to. – Eg trur også det vil handla om eit avgrensa volum, då proteinkjelder frå eller til drøvtyggjarar framleis ikkje er del av bilete, seier ho. EU opnar no for bruk av mellom anna insektmjøl. Først omtalt i Bondevennen Omtalen ble først publisert i Bondevennen Nr 24 2021 og er med tillatelse re-publisert i FJØRFE.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy