Rekordpågang for å bygge fjøs sprenger støttepotten òg for neste år ifølgje partnarskap, som må stoppe nye søknader. Rapport viser enormt behov.

Landbrukspartnarskapet, som styrer bruken av investeringsstøtta i Rogaland, omtalar det dei kallar ein heilt ekstraordinær situasjon.

Alt nå, etter årets fire første månader, er det fleire søknader om støtte til mjølkefjøs enn den lokale ramma til investeringsstøtte for 2026 rekk til.

Det får konsekvensar.

«Det blei på møte i Landbrukspartnerskapet 8. mai 2025 semje om at Innovasjon Norge førebels må seie stopp for andre saker enn mjølk. Berre til mjølkefjøs har dei fått søknadar til å kunne bruke opp heile den lokale ramma for 2026», melder Statsforvaltaren i Rogaland.

Les mer: Nationen (for abonnenter)