Bønder med sau og ammeku tener dårlegast i jordbruket. Bonde Erlend Røhnebæk trur det er beredskapen og busettinga i heile landet som står på spel.

– Viss vi er blant dei beste ti prosentane av ammekuprodusentar, så klarer vi likevel ikkje å komme opp på det same dekningsbidraget som ein gjennomsnittleg kylling-, egg- eller svinebonde, seier Røhnebæk.

Artikkelen henviser også til at Rune Aas, kyllingbonde og nestleiar i Norsk Fjørfelag, derimot har kritisert samanlikninga av inntekt internt i jordbruket.

Kilde: Firda