Vi viser til breva frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) 4. september 2023, 19. september 2023 og 19. oktober 2023 med vedlegg. LMD har bedt Lovavdelinga om ei vurdering av habiliteten til landbruks- og matminister Geir Pollestad i ulike saker av generell karakter som kan påverke Hå Rugeri AS (Hå Rugeri), og i saker som kan påverke Nortura SA (Nortura). Bakgrunnen for førespurnaden er at far og bror til statsråden har eigardelar og sentrale posisjonar i Hå Rugeri, og at Nortura har eigardelar i Hå Rugeri.

 

Kilde: Regjeringen