– Dette er berre fantastisk! Det er verkeleg flott at den strategiske tenkinga som ligg bak selskapet Sunnmørsmat AS ikkje berre har lykkast, men òg blir lagt merke til og heidra på denne måten. Særleg er eg oppteken av den samarbeidsmodellen som vi har utvikla i lag med Nortura og som inneber at vi samhandlar med samvirke ut over det å vere råvareleverandør. Eg er òg svært oppteken av at bonden må få større marknadskontakt, noko me får til med denne modellen. Samtidig bidreg det til større volum gjennom den bondeeigde samvirkeindustrien, noko som vil bidra til lågare kostnader, seier Rune Haram dagleg leiar i Sunnmørsmat AS.

– Det er ikkje nytt med gardssal av egg i Norge. Men ei felles satsing på eigen merkevare og i nært samarbeid med samvirkebedrifta Nortura er eit nybrottsarbeid, og viser at samvirkemodellen framleis er under utvikling. Dette fører til betre inntening for bøndene, og i dette tilfellet er det fire bruk som har fått ein fin auke i sitt økonomiske resultat, seier Bjarne Øygard i Innovasjon Norge.

Kilde: Regjeringen.no