NRK har gjort det på nytt. Laga eit godt program om kvar det blir av all maten me ikkje vil ha. Alle potetene som er for stygge, alle sauene som er for feite, all tomaten som risikerer å rotne på lager fordi importtomatar finn vegen til norske forbrukarar i staden. Programmet har det meste, men manglar det viktigaste; kvifor ting har vorte slik det er.

Dei tre daglegvarekjedene talar med to tunger. På den eine sida strålar dei av positivitet og glede, fortel om hønsepølser og hanepane, om at jau då, det finst sauekjøtt i butikk. På den andre sida styrer dei store delar av distribusjonen av maten, og etter kvart også matindustrien.