På garden Tollehaugen på Vreimsida driv Halvor Tollehaugen og Berit Verpe Tollehaugen med oppaling av høner. Kyllingane er berre 20 timar gamle når dei kjem til garden frå ein produsent i Rogaland. På Tollehaugen blir dei fora og stelt i rundt 112 dagar før dei går ut til ei rekkje gardar for å produsere egg. Tollehaugen er ein av ti slike høneoppdrettarar på landsbasis. Produksjonen på Tollehaugen gjev elles arbeid for fire personar.

Kilde: Bø Blad