Ikkje på grunn av spesielle hendingar, men fordi nokon har sådd ein mistanke om at maten du produserer, er helsefarleg å ete.

Ikkje på grunn av spesielle hendingar, men fordi nokon har sådd ein mistanke om at maten du produserer, er helsefarleg å ete. Tilliten som me er så avhengige av, svinn vekk, og ingen skjønar heilt kvifor. Mattilsynet sine forsikringar om at maten er like trygg som før, når ikkje gjennom stormen på sosiale medier. Ikkje alle er redde eller trur på bodskapen, men folk blir likevel usikre.

Så veldig utenkeleg er ikkje scenarioet. Det veit norske kyllingprodusentar av erfaring. Salet av norsk kylling stupte etter medieoppslag om antibiotikaresistente bakteriar i 2014 og 2015. Ingen hadde blitt sjuke, men det blei likevel skapt frykt.

Kilde: Norsk Landbruk