For eit par veker sidan ga medlemslanda i Rådet si endelege velsigning. Akkurat i tide for å få det godkjent før EU-valet i mai. No skal direktivet om uheldig handelspraksis (UTPs) setjast ut i livet i medlemslanda. Det nye direktivet omhandlar 16 uheldige framgangsmåtar. For sein betaling av lett fordervelege produkt, avbestilling i siste liten, einsidig endring av avtaler og misbruk av konfidensiell informasjon blir totalt forbode. Nokre praksisar blir berre tillatne om det er eksplisitt nedfelt i ei avtale. Dette er til dømes at kjøparen kan returnere uselde produkt til leverandøren, eller at leverandøren skal betale for marknadsføring.

Det er ingen tvil om at regulering er nødvendig i USA. På kjøtsektoren kontrollerer fire selskap 80 prosent av den digre amerikanske marknaden. Ingen av desse er samvirke. Produsentane fryktar industrien vil ”chickenize” storfesektoren. Selskapa kontrollerer på det kjøtslaget heile verdikjeden til og med sjølve kyllingen.

Kilde: Nationen