Fredag vart tal frå Budsjettnemnda for jordbruket offentleggjort. Dette dannar grunnlaget for jordbruksoppgjeret, som startar 29. april når Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag leverer krava sine til staten.

Frå 2017 til 2018 hadde bøndene ein inntektsvekst på 1 prosent, men i år blir det venta ein nedgang på 6,6 prosent, altså 23.500 kroner per årsverk. Ekstremtørken i fjor sommar blir anslått til å ha påført jordbruket eit tap på 3,1 milliardar kroner i 2018 og 2019. Det omfattar tapt produksjon, auka kostnader og lagernedbygging av grovfôr. Staten trødde til med ein krisepakke, i tillegg til avlingsskadeerstatning, til saman 2,4 milliardar kroner. Nettotapet for næringa etter dette er berekna til 700 millionar kroner, ifølgje Norges Bondelag.

Inntektsoverslaget som vart lagt fram fredag, er justert for den spesielle situasjonen, slik at det skal vere mogleg å samanlikne dei med tidlegare år. Budsjettnemnda, der både staten og bondeorganisasjonane er representert, slår likevel fast at tala for 2018 er meir usikre enn tidlegare år.

– Slik som prognosen for året er, går inntektene til jordbruket betydeleg ned, medan gjennomsnittslønna i Noreg går opp. Dette er eit viktig varsku inn mot jordbruksoppgjeret, seier leiar Lars Peter Bartnes i Norges Bondelag i ei pressemelding.

Kilde: Fjordabladet