Utfasinga av miljøbur i eggproduksjon gjer at ei rekkje bønder må omstille seg. For kvar enkelt bonde vil omstilling til frittgåande eller økologisk produksjon koste om lag 2 millionar kroner, ifølgje Norsk Fjørfelag.

Det er likevel store forskjellar på mykje av kostnaden bønder kan få dekt, ut frå kor ein held til i Noreg. Omstillingstilskot frå Nortura er uavhengig av bustad, men tilskot frå Innovasjon Noreg er regionstyrt.

Styret i Nortura fortalde at dei vidarefører tidlegare omstillingsordningar. Det inneber i gjennomsnitt 270.000 kroner per bonde, noko som svarer til om lag 1/8 av omstillingskostnaden.

I tillegg kan bøndene søke tilskot frå Innovasjon Noreg. For berre to år sidan var det ikkje nokon saker med eggprodusentar, fortel Kjell Bruvoll, spesialrådgivar for landbruk i Innovasjon Noreg.

– Det er ein forholdsvis ny affære. I 2017 var der ein del og i 2018 blei det endå fleire.

Kilde: Nationen