– Her blir det fleire som må ta ein stor kostnad med å bygge om, meiner Kolbjørn Frøseth, styreleiar i Norsk Fjørfelag.

– Viljen til å bygge om er stor blant produsentane, men mange slit med å få kapital. Det er fort snakk om to millionar kroner som må til for å bytte innreiing, trur Frøseth.

Leiaren i Fjørfelaget er tydeleg at dei må omstille seg til det marknaden spør etter, men at situasjonen er vanskeleg. Kampen om buregg ser han som tapt, men han er tydeleg på at det ikkje er ei fagleg avgjerd som ligg til grunn.

– Det er populistiske kjensler, ikkje forsking som viser at hønene har det verre i miljøinnreiing.

Kilde (krever innlogging): Nationen