– Eg hadde håpa av kraftfôrprisen ikkje skulle auke, særleg sidan økonomien er så pressa for mange, men det var rett å inngå avtalen. Det ville sett råflott ut å takke nei til over ein milliard, seier Tor Rune Gudmestad.
Gudmestad sit i styret i Norsk Fjørfelag og driv sjølv med egg, i tillegg til med kylling som skal bli verpehøner. Han er bekymra på vegner av kollegaene som har slaktekylling.
– Eg unner kornbøndene kvart øre meir dei kan få for kornet. Det er også rett å gi små og mellomstore mjølkebruk eit løft. Vi i fjørfenæringa nådde ikkje opp denne gongen, men vi må sjå det store bilete. Vi kunne ønska oss meir, men alle vinn ikkje fram, seier Gudmestad.
Kilde: Nationen