830 millionar er avstanden mellom tilbodet frå staten og kravet frå bondelaga. Då seier det seg sjølv at det er fleire taparar enn vinnarar i tilbodet til staten. For medan sauebønder, geitebønder og små mjølkebruk kjem litt dårlegare ut, svir det nok mest for svin og kylling – ein allereie stor kronenedgang blir forsterka i tilbodet frå staten. Kraftfôrprisen er det store momentet: auke på 3 øre per kilo i kravet, 4,5 øre i tilbodet.
– Nedgangen i kroner blir endå større med den ekstra auken i kraftfôrprisen. Kravet frå bondelaga var dårleg i utgangspunktet. Då må ein omtale tilbodet frå staten som ei katastrofe, seier Kolbjørn Frøseth, styreleiar i Fjørfelaget.
Kilde: Nationen